14 februar 2017

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle og strauk til fjells. Eg er heldig som har finaste fjellet på heile vestlandet rett utanfor stovedøra med Toreheia på 717 moh. som høgaste toppen. Dit gjekk turen i dag.



På Rindaseten. Opp her tek det ein halvtime, pluss/minus alt etter kor sprek du er.



Etter ca. 2 timar i passeleg tempo inkl. pauser, frå Yndestad, er du på Toreheia, 717 moh.


Florø til høgre og Kinn til venstre.



Bråtebrenning på Stårøya ved Askrova....


...og på Austneset i Værlandet?


Stongfjorden.



Blikkstille fjord. Her ser eg heim att, nesten nederst i bildet. Alden lengst ute.



Krikavatna.



Flott på Stavfjorden òg, men det vart ikkje padling i dag. Litlevatnet og Svartevatnet nærast.


12 februar 2017

Tur med overrasking!

Torsdag var det flotte forhold for ein padletur til havs, kaldt, men lite vind og godvêr. Eg padla frå Staveneset utover til Heggøyna, der tok eg ein liten rast før eg padla over til Ongholmane sør i Smelværet. Her overtok eg plassen til ei ørn som som for sin veg då eg kom, og varma meg heimelaga betasuppe. God turmat, og ingenting er betre enn å ete ute på ein holme med ei fanastisk utsikt i nydeleg vêr. På veg inn att mot Staveneset ringde telefonen, og medan eg låg der og prata vart eg var det eg først trudde var ei nise...men var den ikkje uvanleg stor? Var det?....ja, der kom det opp ein til, og denne hadde ein mykje lengre ryggfinne enn den første! Spekkhoggar! Pulsen steig nokre hakk, og eg skunda meg å avslutte samtalen, for dette måtte eg ha bilder av! Avstanden var litt for stor, og eg låg ei stund og venta for å sjå om dei kom nærmare, men det gjorde dei ikkje. Eg fekk eit par bilder heldigvis, ikkje kvardagskost akkurat, så det er kjekt å ha det "dokumentert".
Det vart mørkt før eg kom meg heim att, men ein flott tur med flotte opplevingar var det.


Litt bale å komme seg ut i rom sjø :-)
Foto: Liv Lien



Rast i Heggøyna



Ægir.



Tviberg og Alden.



Ørn på vakt...



...og der var eg nær nok.



Innover mot Staveneset.



Middag på gang på verdas flottaste uterestaurant.


Godt med heimelaga betasuppe.



Nordover mot Kinn.




Spekkoggar! #orcas #killerwhale




Ein til.



Solnedgang.



Ægir i solnedgang


Fin avslutning på turen.



Dagens tur.



06 februar 2017

Kom deg ut-dagen

Det er nokre år sidan siste innlegget her, men eg tenkjer ofte på at det hadde vore kjekt å komme i gang igjen, og no gjer eg eit forsøk...

Søndag 5. februar - kom deg ut-dagen. 

Vi er no ganske flinke å komme oss ut egentleg, og i går vart det padling. Litt usikre vind-meldingar gjorde til at vi fann det best å halde oss i skjerma farvatn, og då er Flekkefjorden eit godt alternativ. Vi køyrde til Flekke og padla ut fjorden til Ungholmen. Der kosa vi oss med mat og varm kakao, før vi padla inn att. Nydleg tur på blikkstille fjord!

Klar for tur.

               
Blikkstille


Hauglandsenteret/UWC

Strandhogg.


På Ungholmen


Utpå igjen.


Langs land.


Flott natur.


Litt kunst..


..og litt til.

Tordis i...


..Tordis.


Inn att. 


Litt plast og isopor fann vi på rasteplassen, som vart med heim att i bossdunken. Det monnar lite i forhold til dei enorme mengdene plastsøppel som flyt i hava og fjordane våre, og ellers i naturen, men mange bekker små...





17 november 2012

Kajakkholdar.

I forbindelse med turen til Vigra fekk eg i oppgåve å ta med Nukaen til Lene tilbake til Askvoll, noko som innebar at eg måtte ha tre kajakkar på biltaket. For å få plass til det, må dei stå på høgkant. Lene har eit Thule-stativ der kajakken står slik, men eg skulle feste to til. Det finnast ulike løysingar å få kjøpt, men eg fann til slutt ut at det snaraste og billigaste var å lage eit sjølv. Etter litt spekulering, kom eg fram til ei enkel og funksjonell løysing som eg laga i 40X40 firkantrør i aluminium. Kort og enkelt ein T som står på hovudet og som er festa til lastebøyelen med samme festa som er brukt på det "vanlege" Thulestativet der kajakken ligg. Stativet, eller holdarane, passar nok best til å feste to kajakkar, då får du "belasta" det begge vegar i toppen og unngår å dra det skeivt. På toppen er det påsveisa ei plate som stikk ca 5 mm ut om røret og hindrar festestroppene i å gli av. Kortenden på T-en, som dannar festet mot lastebøyelen, er 120 mm langt. Totalhøgda på holdaren er ca 540 mm.


Tilskårne skumpute-strimlar mellom stativet og kajakken hinrdrar skade på båtane. Strimlane festa eg med tape.

Passar best til to kajakkar...


..og då er det god plass til eit Thulestativ med ein tredje kajakk.

Eg er litt usikker på om det finnst reglar for slike "heimesnikra" festeanordningar, men det er reglar for kor mykje du har lov å laste på biltaket. Det er ulikt frå bil til bil, ( sånn ca. mellom 50-100 kg) du finn det i vognkortet. På min har eg lov til å laste 100 kg.

15 november 2012

Vigra...i slutten av April.

Lene inviterte, i lag med Kenneth som stillte hytta si til disposisjon for padleglade. Nina og eg reiste oppover fredag 27.04 til ei langhelg med padling i ukjent farvatn. Vi vakna til sludd og kuling laurdagen, ikkje veldig fristande padlevêr, men det betra seg utover dagen og vi bestemte oss for å rulle og tulle litt på Blimsanden, lang og flott sandstrand som sikkert er folksam på fine sommardagar. I dag var det berre oss.
Utan mat og drikke osv...Nina, Lene, Kenneth og Jason.

Vi fekk oss nokre timar med skikkeleg trim, og god trening i å mestre bølgjene som braut innover stranda. Berre det å komme på flot i slike forhold var ei utfordring for oss som ikkje var vand med det, og å snu utatt i brytande bølgjer var ein øvelse også. Mykje bading vart det på enkelte av oss, andre mestra det betre, men artig hadde vi det, trass i kalde fingrar.

Nina og Lene klar for bølgjene, Kenneth bak.

Meg i action. Fotograf: Lene

Lene sin versjon av dagen finn de HER 

Søndagen vakna vi til knallvêr, blå himmel, blått, omternt paddeflatt hav og varmt. Rett vest for Vigra ligg Erkna, med Erkna fyr, dagens turmål. Vi padla frå Synnes, utover i eit nydeleg panorama...det er flott natur på sunnmøre òg.

Nesten sommar.

Mot Godøya

 Nina og Sygni

Gruppebilde er ikkje alltid like lett å få til...

...men det vart bra til slutt, Nina, Jason, Lene, fotografen og Sygni.


Nina med Erkna bak.

På vestsida.

 Skånsomt for båtane, men tungt å vasse i.

 Klar for lunch undre fyret.

Paddle Punk Style...sightseeing.

Store delar av "betongstien" ut til landingsplassen hadde Dagmar fjerna.

På fyret fekk vi omvising i alle bygningane av ein ihuga forpaktar. Han fortalte litt om historia til fyret, og litt om "fauna og flora" på holmen. Interessant, og ein ekstra bonus for oss padleturistane. Lene har litt meir historikk på bloggen sin, HER.


 På fyret.


 Glade padlarar....finn to feil.


Inn att mot Vigra.

Turen inn att gjekk i søndagsfart, i samme fine vêret. I dag fekk vi smørsida av Sunnmøre.

Men helga var ikkje slutt, med 1.mai på tirsdagen var mandagen ein fin dag til avspasering, og ein fin dag til padling også, sjølv om vêret ikkje var like bra som dagen før. Vi la ut frå Roald, nordaust på Vigra, og padla nord og vest om. Litt grått og litt vind...og litt møkalukt....våronn på Vigra.

Kenneth og Lene.

Strandhogg og lunch på Blindheim.

Klar for tibaketuren.

Vi pausa på Blindheim, fyrte opp primusen og og varma bønner og flesk til lunch, godt på ein litt sur dag.
Nina var uheldig, sklei på ein stein og landa langflat oppå den, med brest i eit ribbein som resultat (viste det seg seinare) Ilt i alle fall der og då forsod vi, og vi vurderte å avbryte turen, men Nina er tøff...og litevetta sta, så det vart til at vi padla tilbake òg.
Bortsett frå dette uhellet, hadde vi nokre flotte dagar med padling og kjekke kveldar i hytta med god mat og drikke. Og ikkje minst i kjekt selskap. Takk til Kenneth og Lisbeth som ga oss husly og tok så godt imot oss.
Lene sin versjon HER




Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...