05 februar 2011

Padling og sushi !

Det vart ei tur "på sparket" i dag. Sidan det såg usikkert ut med tur i morgon, og fjorden låg der stille og fin og lokka, bestemte eg meg brått og uventa, og ein god halvtime etterpå var eg i kajakken her ved Yndestadkaia. Stongfjorden er eigentleg litt kjedeleg å padle, men grei nok av og til, og i dag fann eg på å padle halve fjorden ut og ta avstikkaren inn Eidsfjorden.  Kjedeleg å padle den og for så vidt, mykje meir spennande å køyre den, men eg har ikkje vore inn her i kajakken før.
Flotte svaberg i Eidsfjorden

 Ikkje så lett å sjå, men vegen mellom Stongfjorden og kommunesenteret Askvoll går bort i fjellsida.

Fismen, veglaus og fråflytta gard på vestsida av Eidsfjorden.

Ikkje lett å drive gard her.

Frå Fismen mot Nordeidet

Eg padla heilt i botnen av Eidsfjorden, der kom eg ikkje lenger og måtte sjølvsagt snu å padle ut att.
Det var mykje fugl å sjå, hegre er ikkje noko uvanleg syn innover her, men store mengder skarv er litt meir uvanleg. Eg er usikker på om det er silda den kjem etter, eller om det er ruskeveret ute i havet den søkjer ly for. Eit heilt fugleberg av skarv sat i alle fall i ein hammar ved utløpet av fjorden og flaug der i frå då eg nerma meg.
Frå Årevika i Størdal.

Eg tok ein kopp varm solbærtoddy og ein kvikk-lunch ombord i dag, utanfor Størdal, før eg padla siste biten inn att Stongfjorden mot kaia heime.
Etter godt to og ein halv time og 15 km. i kajakken hadde eg opparbeidd skikkeleg god matlyst, men eg må sei at eg var noko spent på middagen i dag. Fruen hadde vore på delikatessebutikken i Askvoll og kjøpt sushi, og det har vi ikkje smakt før. Etter ein dusj og ein lur på sofaen var det tid for å utfordre smaksløkane med nye inntrykk.

 Sushi frå Askvoll Sjømat & Delikatesser kan anbefalast !

Vi vart slett ikkje skuffa. Kjempegodt ! Og eit glas god kvitvin attåt gjorde ikkje måltidet verre :-)
Askvoll Sjømat og Delikatesser AS finn du på Facebook

Alle bilda frå turen i dag er tekne med mobilkamera, og resten av albumet finn du HER

Ingen kommentarer:

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...