06 mars 2011

Sur tur.

Eg køyrde i Staveneset i håp om å komme meg til havs i dag, men vind og litt grov sjø, pluss at eg ikkje hadde sjekka yr.no før eg køyrde heimanfrå, fekk meg til å ombestemme meg. I staden for å padle vestover, vende eg nasen mot aust og padla inn att fjorden.

Stille nok inne på vågen i Staveneset.

Stavenesvågen har også si historie, kanskje skal eg skrive litt om den, men ikkje i dag.


Frå Staveneset mot Follevåg og Størdal.

Det vart mykje sur motvind over mot Folvågneset, og sidevind vidare innover fjorden. At temperaturen så vidt var over null, gjorde det ikkje noko vidare kjekt å vere på sjøen i dag. Det vart ein kort tur på land på Folvågneset, kaldt på fingrar og tær og ikkje råd å finne ly nokon stad, så det var berre å komme seg i båten att å sette kursen mot kaia heime.
Ved Folvågneset.

Mot vest.

Frå Folvågneset mot Årskogen og Underset.

Båt og mannskap vel heime, men bilen sto att i Staveneset, så då var det berre å kle seg i ny drakt, finne sykkelen og hente bilen heim òg. Så i dag vart det 12 km. padling og ca. 10 km. sykling . Det er vel det dei kallar kombinert i sportsverda.

Dagens tur, ca 12 km.

1 kommentar:

Odin Hestholm sa...

Viss du hadde hatt litt løping også, hadde det vel vore triatlon?
No vart det berre toatlon ;-)

Det har vore litt surt i det siste, ja. Mars skal jo liksom vere ein vårmånad, men eg veit no ikkje eg.

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...