01 juni 2011

Makarska i mai.

På seinvinteren var fruen lei av snø og kulde, og sette seg til å bla i sydenkatalogar. Valget fall på Makarska i Kroatia, og tidleg om morgonen lørdag 7.mai forlot vi eit regnvått Flesland. Knappe tre timars flytur til Split, og ein time sørover kysten i buss og reisemålet var nådd.  Makarska-rivieraen og byen Makarska har flott natur å by på; blått Adriaterhav, kvite strender, koselege småbyar, og dei majestetiske Biokovofjella ruvande over.
Tidleg i sesongen og god plass i fjæra.

Makarska og fjella. Toppen midt på bildet heiter Vosac, 1422 m.o.h

 Opp der måtte eg, og fekk følge med ei sprek jente frå New Zealand. Her er vi på toppen. Det bles kraftig nordavind, eller "bora" som dei kalla den der nede, og det var skikkelig kaldt på toppen. Vi fekk faktisk litt regn og sludd på oss òg.

Utsikt ned att frå toppen.

 Gode stiar til fjells.....
..og langs sjø.

 Fyrlykt.


På sykkeltur.

Pasta med sjømat og god drikke til.

Eine dagen var vi med på ein tur til Sarajevo, hovudstaden i nabolandet Bosnia Hercegovina. Opp grytidleg og over 5 timar i buss var eg litt skeptisk til, men vi fekk høyre mykje historie om landet og byen, og køyrde gjennom eit vekslande og flott landskap, så turen gjekk fort.


Eksotisk i Sarajevo.

Vi besøkte den tyrkiske bydelen, som er den eldste delen og den mest eksotiske for oss. Trange gater og smug med butikkar, kafear, framande lukter og eit yrande liv. Her gjekk folk på kafe for å røyke vannpipe i lag med venner, og butikkane var fulle av souvinerar, eller tant og fjas, som skulle friste oss turistar.

 På basar.

På tilbaketuren var vi innom Mostar. Både i Sarajevo og Mostar var det store øydeleggingar under Jugoslavia-krigane mellom 1991 og 2001, men mykje er i dag bygt opp att.

Gamlebrua i Mostar vart øydelagt av kroatane under krigen. Etter krigen vart bitane plukka opp att frå elva under, og brua pusla saman att.

Det vart sein kveld før vi var tilbake i Makarska, men trass i mange timar i ein litt for liten og trang buss, var turen verdt å oppleve.
Kroatia og Makarska kan verkeleg anbefalast, men kanskje litt seinare i sesongen om du vil ha litt meir liv og røre rundt deg, og litt høgare temperaturar. Vi hadde rundt 20 gr. i lufta og 16 til 18 gr. badetemperatur. Litt kaldt å bade for dei lokale, men vi tøffingane frå Norge let oss ikkje skremme.
Ellers var her som sagt billeg og god mat, god kaffi og anna drikke, minst like stor tetthet av frisørar som i Førde, men mykje billegare. Fruen fekk klipp, vask og føn for 200 norske, eg betalte 60 for klipp.
Reint og pent var det alle plassar, kjekke folk i butikkar og restaurantar, og sjølvsagt mange kjekke turistar frå vestlandet.
Eit lite knippe glade og mette vestlendingar kvelden før heimreise.

Fleire bilder finn du her.

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...